Wednesday, September 8, 2010

Pressemelding fra Dylanfestivalen

Bob Dylan har skrive songar i 50 år. Artistar verda over har tolka songane hans.

– Ein litterær Nobelpris til Bob Dylan vil vere ei hylling så vel til han som til sjølve songen som sjanger, sa Håvard Rem på Utdanningsforbundet sitt Dylan-fagseminar på Beitostølen. Rem har skrive bok om Dylan og dessutan omsett fleire av Dylans tekster til norsk.

- Det er fint at Dylans songar har funne vegen inn i skolebøkene og songbøkene, seier Rem.

Dylan-tolkaren og -gjendiktaren Jan Erik Vold var også til stades, og han såg gjerne at Dylan blir heidra:

- Skal songen hevast opp til Nobelpris-nivå, er Bob Dylan den som peiker seg ut, seier Vold.
Kilde: Utdanningsnytt

No comments:

Post a Comment